[Back]

Håvamål


III.III

146.

Mine kvede ei kan
kongen si frue,
korkje mann eller møy.
Hjelp heiter eii,
og det hjelpe deg vil
mot saker og sorger
og suter alle.

147.

Det andre eg kan,
ovgjævt for dei
som vil læking lære.
- - - - - - -

148.

Det tridje kan eg,
om turvast skal
mot fiendar rame råder:
eggjar eg døyver
for uvener mine,
så det bit korkje våpen eller velor.

149.

Det fjorde kan eg,
om folk meg vil
leggje band om lemer:
så eg galdrar
at gange eg kan,
fjetrone spring meg av fot
og av hendre hapt.

150.

Det femte eg kan,
ser eg fiends pil skoti
fram gjennom her haste:
eg stoggar ho nok,
kor sterkt ho enn flyg,
så sant eg med syni når ho.

151.

Det sjette eg kan,
skader meg einkvar
med runer på frisk rot skorne,
den som opp til argskap
eggje meg vil,
mein fær han meir enn eg.

152.

Det sjuande kan eg,
om salen eg ser
loga om sovande sellar:
kor breitt det så brenn,
eg bergar halli,
den galder kan eg gala.

153.

Det åttande kan eg,
som for alle mun vera
nytteleg å nemne:
om hat veks opp
mellom hovdingsøner,
det kan eg bøte brått.

154.

Det niande kan eg,
når naud stend på,
å berge båten på hav.
Vinden eg då
på vågen stiller
og svæver sjøen all.

155.

Det tiande kan eg,
om tuntroll eg ser
i lufti leike fram:
eg så det vender
at ville dei fer
heim utan hamar,
heim utan hugar.

156.

Det ellevte kan eg,
når ut i strid
eg lang-vener skal leie:
under skjoldrand gjel eg,
då gjeng dei veldig
striden heile til,
striden heile frå,
heile dei heim att kjem.

157.

Det tovte kan eg,
om i treet oppe
eg ser ein daud mann dingle:
så eg runer
rister og målar,
at han som der hekk
gjeng og med meg mæler.

158.

Det trettande kan eg,
når tegnen unge
eg auser med vatn og vigjer:
ikkje han fell,
om i ufred han kjem,
den hausen ryk ikkje for hogg.

159.

Det fjortande kan eg,
om for folk eg skal
gudane nemne ved namn:
alle æser
og alvar
veit eg:
der stend meg ingen styving.

160.

Det femtande kan eg,
som han kvad Tjodrøyre,
dvergen føre Dellings dør.
Han åsom gol avle,
alvom dugleik,
Rota-ty hugs i haus.

161.

Det sekstande kan eg,
om hjå kloke møy
eg hugnad vil hava og gaman:
hugen eg kverver
på kvitarma viv
og snur hennar heile sinn.

162.

Det syttande kan eg,
at seint frå meg gjeng
ei ung dåm-ven dros.
Lenge du skal,
Loddfåvne, visst
songane desse sakne.
Godt, om du gaumar,
nyttig, om du nem,
turvande, om du tek dei.

163.

Det attande kan eg,
som ikkje eg seier
til møy eller manns kone,
- alt er best
som ein berre kan;
det er slutten på songen -,
utan einast til den
som i arm meg gøymer,
- eller om det mi syster er.

164.

No er Håvamål kvedi
i Håvahalli
til magn for mannesøner,
til ugagn for jotunsøner;
heil den som kvad!
heil den som kan!
njote den som nam!
heile dei som høyrde.


From the homepage of Espen Joranger